Møre bispedøme 40 år!

I 2023 fyller Møre bispedøme 40 år. Møre er det yngste bispedømmet i Den norske kyrkja. Men sjølv om bispedømet er ungt, høyrer grunnlaget og andsarven i dette bispedømet til dei eldste og viktigaste røtene for kristen tru i Noreg.

Møre bispedøme 40 år!

Kyrkja har hatt ein sentral rolle i alle bygder og byar i Møre og Romsdal gjennom tusen år. Ikkje minst har kyrkja hatt ei avgjerande betydning for menneskes liv, i glede og i sorg. 40-årsjubileet gir oss eit høve til å synleggjere lokalkyrkja og noko av alt det fantastiske arbeidet som skjer i alle lokalsamfunn i bispedømmet vårt.

Jubileumsmarkeringa er tenkt å stå på fire bein:

·         Jubileumsgudsteneste i Molde domkirke, 17.september

·         Pilegrimsseglas, frå Herøy til Edøy,  29.august – 2.september

·         Teaterturne, «Gudspartikkelen» med Svein Tindberg, 17. – 20. september

·         Opne kyrkjer 16. -17. september

 

Historisk

Møre bispedøme blei oppretta i 1983, då det blei skilt ut frå Nidaros bispedømme og Bjørgvin bispedømme. Møre bispedøme omfattar Møre og Romsdal fylke.

Bispedøme er delt i seks prosti, 25 kyrkjelege fellesråd og 95 sokn/kyrkjelydar. Talet på kyrkjemedlemmer (2021) er 202 644, som svarar til 76 prosent av befolkninga. Bispesetet er Molde.

Den første biskopen var Ole Nordhaug (1983-1991), etterfølgd av Odd Bondevik (1991–2008). Biskop frå 2008 er Ingeborg Synøve Midttømme.

 

Krossen på Kulisteinen

Møre fekk tidleg eit kristent «stempel» på seg. Kulisteinen på Smøla på Nordmøre er av forskarar rekna som eit av dei tidlegaste skriftlege teikna på kristendommen sitt innpass i landet vårt. Ein stor kross er rissa inn på steinen og med runeskrift står det å lese: «Tolv vintrar hadde kristendomen vore i Noreg.» Kulisteinen blir omtala som Noregs dåpsattest. Alderen på steinen er vanskeleg å seie nøyaktig, men den kan vere reist rett etter år 1000.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"