Reformasjonsjubileum i Møre 2017

2017 markerer 500-årsminnet for reformasjonen i Europa. I Møre bispedøme blir dette markert med forskjellige arrangement gjennom jubileumsåret: Hovudarrangement i Bud og Volda • Fire temagudstenester • Salmekveldar i kyrkjelydane • Forestillinga "Nåde 2017" • Studieprosjekt

Reformasjonsjubileum i Møre 2017

Les meir i brosjyren om reformasjonsarrangement i Møre hausten 2017


REFORMASJONSMARKERING I BUD 23. SEPTEMBER

«Reformasjonen – det store skiljet i kristenliv og samfunn»

Seminar Bud museum 12.30 – 16.00

• Historisk og kulturhistorisk utgangspunkt for reformasjonen i vårt område: «Den eldste

busetnaden. Frå heidendom til kristendom», Fylkeskonservator Bjørn Ringstad

 • «Reformasjonens betydning lokalt og regionalt», Mads Langnes, førstekonservator Romsdalsmuseet.

 • «Å forme den protestantiske lesaren», Arne Apelseth, språk- og litteraturprofessor Høgskulen i Volda

 • «Arven etter Hans Nielsen Hauge: sosial, politisk, økonomisk og religiøs reformasjon», 

   Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen.

 • «Entreprenørskap som misjonsstrategi» Heidi Westborg Steel, generalsekretær Himalpartner

 • Oppsummering ved biskop Ingeborg Midttømme

 

Reformasjonsfest i Bud kyrkje 18.00 – 20.30:

• Edvar Hoem: «Frå Luther til Hauge - kristenliv og samfunn i Noreg»

• «Gjenklang frå Veøy» Konsert med Daniel Herskedal, Møremusikarane, Beate Mordal,

Gule blandakor v/ dirigent Bjarne Harøy, og museumsdirektør Jarle Sanden

 

Arr: Møre BDR i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Romsdalsmuseet, Bud sokneråd

 

-----------------------

REFORMASJONSMARKERING I VOLDA 21. OKTOBER  -  
Påmelding reformasjonsfagdag i Volda 21. oktober

«Reformasjon i kultur, song og kunnskap»

12.00 Luther-song i Volda kyrkje, Møte med lutherske salmar; nokre i ny omsetjing og tonesetjing.

Fagdag i Berte Kanutte-huset 13.00 – 18.00 (Påmelding, deltakaravgift kr 250)

• Lunsj

• «Nåde hjå Luther og i populærkulturen» Kjartan Leer Salvesen og Ralph Meier, førsteamanuensisar ved      
   Høgskulen i Volda.

Bibelforteljingar dukkar på uventa vis opp i populærkulturen. Kva tenkte Luther om nåde, og korleis vert nåde formidla i moderne populærkultur? Kva har dette å seie for verdiformidling og forkynning?

• «Luthersk trusopplæring?» Per Halse, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Presentasjon av trusopplæringsverket «Martins vidundelige verden» av Willem Vogelaar. Martin Luthers vesle katekisme var grunnboka for norsk barnelærdom gjennom fleire hundreår. Har ho gått ut på dato? I kva grad kan eller bør trusopplæringa vere luthersk, og korleis er det i praksis?

• «Klang av tru» Dosent Jan Ove Ulstein, kantor Rose Iren Stave, trusopplærar Anna Myklebust. Etter ei innføring om luthersk salmetradisjon vert det delt erfaringar om bruk av salmar i gudstenestefeiring og trusopplæring. Kan tru syngast inn, og i så fall korleis?

• Middag

19.00 Konsert i Volda kyrkje
Mozarts Symfoni nr. 40 i G-moll. Musikk og song ved Magnar Åm. Dirigent Magnar Åm og solist Karina Holkestad.

 
Arr: Møre bispedømeråd i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kyrkje. 

-----------------------------

ANDRE ARRANGEMENT

Gjennom hausten 2017 blir det også ei rekkje andre reformasjonsarrangement rundt om i Møre:

 

4 temagudstenester i alle kyrkjene i bispedømet

Saman med andre lutherske kyrkjer har Den norske kyrkja valt å formulere fire tema for desse gudstenestene:

 27. august: Nåden Åleine

17. september:  Skaparverket er ikkje til sals

15. oktober/29. Oktober:  Frelsa er ikkje til sals

19. november: Menneske er ikkje til sals

 

Framsyningar om nåde
Heile 28 teaterframsyningar blir i oktober og november vist omkring i kyrkjene i Møre. Premiera vert i Ørsta kyrkje 18.oktober

 

Andre arrangement
Det blir også salmekveldar, Møre-kortreff i Spjelkavik kyrkje og Kyrkjesongfest i Molde domkirke.

 

Les meir i brosjyren om reformasjonsarrangement i Møre hausten 2017

 

GRAFISK MATERIELL - REFORMASJONSJUBILEUM I MØRE

REFORMASJON OG SALMESANG

 

 

 

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"