I 2019 er 500 år sidan den første norske boka blei trykt. Missale Nidarosiense, norsk messebok, er mellom dei eldste norske trykte bøkene. Kyrkja vil ta ta del i Nasjonalbiblioteket si markering av Bokåret 2019 med m.a. erfaringsutveksling om Bibelen si betydning i den litterære arven vår og om dei eksistensielle spørsmåla litteraturen skaper for enkeltmennesket og i samfunnet.
Forteljingane om Bibel og bibelbruk i Møre vil bispedømet samle og presentere på sine nettsider, dele på Facebook mm. Ver med å dele di historie, di forteljing, di erfaring med Bibelen!