Støtt kyrkja på Cuba

Bjørgvin bispedømeråd har venskapssamarbeid med Den Lutherske kyrkja på Cuba. Våre søsken der har bruk for vår støtte - no skal vi fylla ein container med varer dei har bruk for. Les om kva du kan gje av varer og pengar her.

Søndagsskuleelevar i den lutherske kyrkja i Guantánamo.Foto: Alfredo Rasua/Normisjon

Bjørgvin bispedøme har som mål å senda ein container til Cuba før jul.

Les her korleis du kan gje pengar

Bakgrunn

Bispedømerådet gjorde 1.juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Iglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba, saman med Normisjon som har samarbeidd med den kyrkja i over 20 år.

I oktober gav bispedømerådet ei startgåve på 150.000 kroner.

  • 30.000 brukt til del av medisinsk hjelpesending på 1.6 tonn
  • 42.000 brukt til støtte løner etc i perioden oktober-desember
  • Noko går til kyrkjelydsplanting i bydel i Havanna

I tillegg har det kome inn vel 30.000 kroner i einskildgåver etter at prosjektet vart presentert på Stiftsmøtet i november, og vel fire tusen kroner i kyrkjeoffer. 

Det er viktig å støtte prosjekt som kan skape framtidige inntekter lokalt, t.d. kyrkjelydsbarnehagar. Det er mange initiativ i kyrkja.

Kva rekk kronene til?

  • 100 dollar (ca 1000 kr) er pastorløn i ein månad. Ti personar som gjev 100 kr/mnd finansierer løn til ein pastor eller diakon i vår venskapskyrkja vår.
  • Bispedømet og Normisjon har mål om å kjøpe inn mat, hygieneartiklar og noko medisinsk utstyr for minst 100.000 kroner og sende i ei hjelpesending i desember, saman med brukte klede/syklar/symaskinar og andre ting ein ikkje får tak i på Cuba. Ein tredjepart betalar leige av konteinar og frakt til Cuba, slik at pengane vi samlar inn, går til innhaldet i sendinga.  

 

Slik kan du gje pengar

  • Gje på Vipps 96005 eller konto 1503.02.13537 (Normisjon). Merk gåva «prosjektnummer 351002». For sokneråd/prosti merk gåva  med «prosjektnummer 351002 + «Avskjedsgåve Biskop Halvor"
  • For skattefrådrag på individuelle gåver på Vipps: Skriv mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummer.
  • For månadleg gjevarteneste til Cuba på Vipps eller avtalegiro, fyll ut det elektroniske skjemaet. Det kan òg brukast for individuelle gåver
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"