Den store innsamlingsdagen - Fasteaksjonen 2019

I dag, 9. april, er det tid for vårens vakraste dugnad - Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. I dei aller fleste kyrkjelydar deltek både konfirmantar og vaksne. Bli med og ta godt imot dei som kjem på døra.

Den store innsamlingsdagen - Fasteaksjonen 2019

Visste du at ureint vatn dreper fleire menneske enn krig og konflikt?

Å ha tilgang til reint vatn held deg frisk og gir liv. Status no er at 844 millionar menneske manglar tilgang til reint vatn. Temaet for Fasteaksjonen 2019 handlar difor om Kirkens Nødhjelps arbeid med vatn og sanitær i utsatte områder i verda.

Krafta ligg i å stå saman
Å endre verda aleine er ikkje mogleg. Endring skjer når fleire menneske bevegar seg i same retning på ein gong. Fasteaksjonen er ein årleg dør-til-dør-aksjon der konfirmantar og vaksne i heile Noreg står saman om å gjere verda til ein litt betre stad. I 2018 samla konfirmantar, og
andre frå kyrkjelydene, inn 31 millionar kroner. Desse pengene brukar Kirkens Nødhjelp overalt i verda for å redde liv og krevje rettferd.

Du kan bidra
Anten ved å vere med som bøssebærar eller ved å gi til bøssebæraren som kjem til deg. Det kan virke fjernt at dei pengene du samlar inn når du går med bøsse, eller dei pengene du gir til bøssebæraren, betyr at du er med på å redde liv og skape meir rettferd globalt. Men det gjer det. Om alle gjer litt, gjer vi mykje saman.

7.-9. april kjem bøssebærarar rundt for å samla inn pengar til fasteaksjonen. Ta godt i mot dei! 
Har du lyst å vere bøssebærar? Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"