Tilbod for ungdom og unge vaksne

Kyrkjelydane har fleire gode hjelparar i arbeidet med å nå fram til dei unge. Frivillige organisasjonar stiller gjerne opp i både kyrkjelydsarbeid og på skular og studiestader. Vi har samla eit lite oversyn.

Laget er ein av fleire organisasjonar som hjelper kyrkjelydane med å nå fram til ungdom.

LAGET
Det er no 22 skulelag i Bjørgvin, og talet aukar. Laget, som arbeider blant skuleungdom driv også Bergen Kristne Studentlag (BKS) og Fantoft Christian Fellowship. - Terskelen for oppsøkja kristne er ofte vesentleg lågare inn på lagsmøta som kristne elever arrangerar enn på møte og gudsteneste i kyrkjer og bedehus. Her kan ein bli kjent med Jesus midt i skulekvardagen og oppleve eit trygt og godt miljø i ein ofte krevjande livssituasjon. Med leik, kreativitet, Guds ord, mat, musikk og relasjonsbygging, formidlar frimodige lagsungdomar evangeliet midt i verda, seier Einar Helgaas som er teamleiar i Laget Vest. - Kjenner du ungdom som vil vera med på å gjera Jesus kjent på alle skular og studiestadar så han blir trudd, elska og etterfølgd, så sett dei i kontakt med laget, oppmodar Einar. E-post: einar.h@nkss.no //tlf. 414 32 192

KRIK
KRIK er eit lågterskeltilbod for tru og idrett, der alle prestasjonsnivå er velkomne til ein kristen felleskap. KRIK lokallag driv KRIK sitt arbeid mellom dei store leirane. Det finst fleire KRIK-lag i Bjørgvin, sjå KRIK lokallag. Vil du starta lokallag? Kontakt maren@krik.no eller tlf. 936 27 942. KRIK har dessutan mange arrangement og leirar for barn og unge, les meir om dette på KRIK sine nettsider.

KFUK-KFUM 
KFUK-KFUM har fleire krinsar i vårt bispedøme: Bjørgvin krets dekker det meste av Hordaland fylke, bortsett frå Sunnhordland som ligg til Haugaland krets. Sogn og Fjordane er eigen krins. Til saman omfattar desse ei rekkje grupper med aktivitetar for born, tweens, ungdom, studentar/ unge vaksne, vaksne og familiar. Mykje av arbeidet skjer i samråd med lokale kyrkjelydar. KFUK-KFUM ynskjer og å støtte opp om det lokale kristne barne- og ungdomsarbeidet, og gjer det mellom anna gjennom å drive leiarkurs for ungdom samt inkludere kyrkjelyder i sine arrangement. Her kan du finne ut kva arbeid KFUK-KFUM har der du bur. KFUK-KFUM har mange arrengement og leirar for barn og unge heile året, meir informasjon finn du på KFUK-KFUM sine nettsider.

Kontaktinformasjon til krinsane i KFUK-KFUM:

  • Sogn og Fjordane krins:
    Dagleg leiar, Bente Christin Eriksen E-post: sfj@kfuk-kfum.no // tlf. 469 15 529
  • Bjørgvin krins:
    Dagleg leiar, Alice Jeanette Vatnehol, E-post bjorgvin@kfuk-kfum.no // tlf. 55 60 60 70
  • Haugaland krins:
    Dagleg leiar, Lars Breivik Hellerdal, E-post haugaland@kfuk-kfum.no // tlf. 952 78 009

St. Jakob kirke, Bergen 
St. Jakob kirke tilhøyrer Bergen domkirke menighet og ei annleis kyrkje i Bergen sentrum. Her vert det berre drive arbeid av og for ungdom og unge vaksne (15 - 30+).
Ser du etter eit miljø der du kan få vere med å bidra og utvikle deg? Eller berre henge? - då er du hjarteleg velkomen innom St. Jakob! Her folk tilstades og open dør stort sett heile dagen.

Ungdomsgruppa (15-18 år) 
Bølgen er ein klubb og café som har ope kvar einaste onsdag frå kl 15 - 22. Den er open for alle. Her vert det servert middage, ein kan lage musikk i studio, sjå film, jobbe med foto på datarommet og møte andre ungdommar.
Ungdomsgudsteneste, Puslespillet, ein torsdag i månaden, av og for ungdom. Også denne er open for alle i bispedømet, særleg ten sing-grupper fra andre kyrkjelydar er velkomne til å bidra og til å treffe andre ten singgrupper.

Unge vaksne (18-30+ år)
Sundag kl. 19: Jakobmesse, GUV (gudstjeneste for unge voksne) eller Café-gudsteneste. Tabutorsdag er eit arrangement ein har nokre gongar i semesteret.
St. jakob kirke er utstyrt med 2 scener og profesjonelt lydstudio der ein kan få øvingstid og hjelp til å spele inn låtar.

Les meir om arbeidet i St. Jakob kirke her!

Studentmenigheten i Bergen
Studentmenigheten er blitt ein del av St.Jakob sitt arbeid for unge vaksne. Dette er Den Norske kyrkja sitt tilbod for unge vaksne og studentar i Bergen. Les meir om studentmenigheten og studentprestane.

Studentpresten i Sogndal
Ein av prestane i Sogndal gjer teneste som studentprest ved Høgskulen i Sogn og fjordane ein gong i veka. Les meir om studentpresten i Sogndal

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"