Byggje tillit – Stiftsdagar 2026

9.–10. mars 2026 blir det stiftsdagar for alle tilsette i kyrkjene i Bjørgvin.  På Scandic Flesland Airport blir det to dagar med inspirasjon, fagleg påfyll og fellesskap.

Publisert:

Kyrkjeleg tilsette frå heile Bjørgvin samlast på Flesland for å møtast og arbeida saman.
Kyrkjeleg tilsette frå heile Bjørgvin samlast på Flesland for å møtast og arbeida saman.

Det blir arbeid i grupper (stab), og med innspel frå spennande innleiarar som spør: – Kva skaper tillit og korleis får me til gode prosessar i samspel med frivillige ressursar i kyrkjelydane?

Program (klikk på V til høgre for å lesa)

 

9. mars

09:30

Registering – ankomst

10:00

Åpningssamling

10:15

Foredrag m/ Einar Øverenget

11:00

Pause

11:15

Grupper i Stab

12:15

Lunsj

13:15

Foredrag m/ Einar Øverenget

14:00

Pause

14:15

Grupper i Stab ( prostivis)

15:00

Pause

15:30

Utpust: salmekonsert

Med Ingrid Brækken   Melve og Torbjørn Dyrud

16:30

Fagsamlingar for tilsette innan:

  1. Diakoni m/Sigrid Flaata
  2. Undervisning m/Jan Olof Norstrøm
  3. Kyrkjebygg
  4. Prestar m/Ingrid Melve
  5. Kyrkjemusikk m/Torbjørn Dyrud
  6. Admistrativ/HR

18:00

Middag

20:00

Temagudsteneste

21:00

Sosialt

 

 

10. mars

 

09:00

Morgonsong

09:15

Hvorfor frivillighet i kirken ?

Foredrag m/ Dorte Kapelgård og Trond Fagermoen

10:15

Pause

10:30

Frivillighet som strategi

Dorte Kapelgård

11:15

Pause

11:30

Gode Verktøy for frivillighet Irmelin Brun

12:00

Lunsj

13:00

Seminarøkt 1

14:00

Seminarøkt 2

15:00

Ferdig

Påmelding frå leiar, registrering frå kvar deltakar

Kyrkjeverjene og prostane har meldt frå kor mange som skal vera med, og det vil 22. januar bli sendt ut skjema for registrering om deltaking, overnatting m.m. frå deltakarane.  Frist for registrering er 1. februar.

Påmelding til seminar kjem i februar.  Eit oversyn over planlagde seminar kjem her 22. januar.

Det er biskopen som kallar inn til stiftsdagane. Arrangemanget er planlagt i samarbeid med kyrkjeverjelaget. Alle tilsette er inviterte, men invitasjonen går via kyrkjeverje eller prost som melder på sine.

– Vi ønskjer å bygge eit lag der det er tydeleg at vi alle har ulike, men viktige ansvarsområde, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit. Han seier at det er ønskjeleg at flest mogeleg overnattar for å byggja eit godt miljø. – Vi har fått ein god pris som gjer at det for mange kan løna seg å overnatta framfor å reise til og frå, seier stiftsdirektøren.

Tillit

Hovudtema denne gongen er “tillit” og filosof Einar Øverenget vil jobba saman med oss om korleis tillit kan styrke samarbeidet og fellesskapet. 

Dorte Kappelgaard frå MF er kjent som ein god formidlar. Ho snakkar om korleis me kan få ei utvikling i kyrkjelydane i spelerommet mellom tilsette, råd og frivillige. Saman med henne kjem førstelektor Tron Fagermoen som også er stortingsprest og vil snakka om bibelske grunnar for korleis vi saman er kyrkje.

Programmet vil gje rom for stabane til å jobbe saman og utforske nye idéar. Målet er å inspirere til samarbeid, innovasjon og tillitsbygging i den lokale kyrkjelyden.

Det blir salmekonsert med Torbjørn Dyrud og Ingrid Brækken Melve. I tillegg vil det bli ein fin felles middag, mange ulike seminar å velja mellom, samling for faggruppene og gudsteneste.

Stad: Scandic Flesland Airport hotell («Gullhotellet», Lønningsveien 9, Blomsterdalen, Bergen.) Bybanestopp: Bergen lufthavn

Tid: Mandag 9. mars klokka 10.00-19.00 og tirsdag 10. mars 09.00-15.00.

Innleiarar

Einar Øverenget

Einar Øverenget portrett

Einar er professor i filosofi ved Høgskolen i Innlandet. Mange kjenner han frå radio og podkast, som samfunnsdebattant og føredragshaldar. Han har nyleg gitt ut boka Tillit – unngåelig, nødvendig, farlig, og med bakgrunn i denne, skal han utfordre oss på korleis, kvifor og når vi byggjer 

tillit oss imellom.

Tron Fagermoen

Portrett av Tron Fagermoen

Tron er førstelektor i praktisk teologi ved MF. Han forskar primært på diakoni, ekklesiologi (kyrkjelære), etikk og trusopplæringsreformen i Den norske kyrkja. På stiftsdagane snakkar han om kvifor kyrkja skal involvere frivillige, og den tilliten og ansvaret det medfører.

Dorte Kappelgaard

Portrett av Dorte Kappelgaard

Dorte er førsteamanuensis i praktisk teologi ved MF. Ho er opptatt av å styrke samspelet mellom livet i kyrkjelydane og forsking. Nokon kjenner Dorte frå hennar praktiske og konkrete webinar om strategiarbeid i kyrkjelyd, som ligg tilgjengeleg i ressursbanken.no. Dorte er ein inspirerande formidlar som gir oss noko å jobbe vidare med lokalt.

Irmelin Marie Brun

Portett av Irmelin Brun

Irmelin er leiar for «Frivillighetsteamet» i Bergen kirkelige fellesråd. Ho er utdanna innan pedagogikk og organisasjonsteori, og har erfaring frå arbeid i ulike organisasjonar. Ho har også vore fosterforelder i mange år. På Stiftsdagane skal Irmelin knyte saman ulike perspektiv på forsking og praksis innan frivillig teneste. Ho vil også introdusere seminara på stiftsdagane.

Kunstnarar

Ingrid B. Melve

Ingrid Brækken Melve portrett

Ingrid er salmediktar, romanforfattar og prest. I 2022 vart ho nominert til Petter Dass-prisen for salmane sine. Ho skriv også andakter i Vårt Land.

Torbjørn Dyrud

Torbjørn Dyrud_foto Arild Kristiansen

Torbjørn er utdanna komponist og kyrkjemusikar ved Norges Musikkhøgskole og Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har skrive viser, større korverk og er 
musikalsk ansvarleg for Norges største sommarshow, Urbane Totninger. Han er kantor på Østre Toten.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"