I eit brev som er sendt til alle sokneråd, skriv biskopen mellom anna:
Det siste året har vi sett eit enormt engasjement for å vise solidaritet med flyktningar – både dei som kjem til Noreg og dei mange, mange andre som har søkt tilflukt i andre land. Både einskildpersonar, grupper og heile lokalsamfunn stiller opp. Takk for hjartelag og økonomisk støtte!
Kirkens Nødhjelp er vår organisasjon for internasjonal diakoni.
Starten var i 1947. Då var det stort behov for naudhjelp i Europa og norske kyrkjelydar stilte opp, også for dei som budde i land som blei sett på som fiendar under krigen. Kyrkjelydane omsette den kristne trua si i praktisk handling. No, nesten 70 år seinare, er det vi som får utfordringa – og Kirkens Nødhjelp er igjen vår kanal. Den nye strategien seier at det no skal leggast større vekt på nettopp dette: Tru i praksis.
Over heile landet var det eit sterkt engasjement før klimatoppmøtet i Paris. Dette engasjementet vonar vi skal halde fram også i fasteaksjonen 2016.Tema for aksjonen er det same som i 2015: I kriser er vatn kritisk. Det er ikkje blitt mindre aktuelt.
Konfirmantane er framleis ryggrada i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon, men skal vi nå alle husstandar, også i tettbygde strøk, er det viktig at dei vaksne tek del. Vi vil difor oppmode dykk til å gjere fasteaksjonen til heile kyrkjelydens aksjon, ein dag då både diakonatet og soknerådet er med. Inviter også konfirmantforeldre, barnegruppene med foreldre, kyrkjekoret og ungdomsklubben. Slik blir vi mange som levandegjer og synleggjer i lokalsamfunna våre vår felles visjon om diakonien som evangeliet i handling!