To nye kandidatar til bispedømerådsvalet

Gjennom supplerande nominasjon har vallista for leke medlemer til Bjørgvin bispedømeråd fått to nye kandidatar. Det er Marte Seip og Egil Morland. Vallista er no endeleg.

Kandidatane ved bispedømerådsvalet får undervisning om korleis dei kan profilera seg overfor veljarane. Lærar er Siv Thompson frå kommunikasjonsavdelinga i kyrkjerådet.

Etter at nominasjonskomiteen si liste vart kunngjort 4. mai, var det frist fram til 4. juni med å foreslå supplerande kandidatar. Slike kandidatar skal ha minst 75 underskrivarar bak seg frå minst tre ulike sokn i same prosti for å få komma på lista. Maks 50 prosent av desse kan vere frå eitt og same sokn. Desse krava er oppfylte for dei to kandidatane som er føreslegne av medlemer frå sine eigne prosti, Hardanger og Voss og Vesthordland.

Lista til bispedømerådsvalet i Bjørgvin er sett saman i prioriert rekkefølgje av ein nominasjonskomité med eitt medlem frå kvart prosti. Eitt krav til lista er at kandidatane skal representera ei breidde i synet på aktuelle kyrkjelege spørsmål. Nominasjonskomitéen har vidare lagt vekt på at begge kjønn skal vere representerte med minst 40 prosent og at lista skal innehalde minst 20 prosent kandidatar under 30 år.

Dei to supplerande kandidatane vil stå nedst på kandidatlista, og rekkefølgja mellom dei er bestemt ved loddtrekking.

Desse står på lista:

1. Inger Helene Thingvold Nordeide , Førde, f.1961

2. Nora Sætre Baartvedt, Voss f.1994

3. Karl Johan Kirkebø, Bønes f.1950

4. Andreas Skeidsvoll, Osterøy f.1992

5.Berit Nøst Dale, Meland f.1952

6. Marius Økland, Bremnes f.1986

7. Liv R. Ågotnes, Fjell f.1967

8. Ida Lindøe, Ålvik f.1967

9. Vemund Øiestad, Stryn f.1948

10. Per Hilleren, Stedje f.1959

11. Inge Wilhelm Økland, Sandviken f.1988

12. Hildegunn Kalvenes, Austevoll f. 1947

13. Bjørn Sandvik Sølsnæs, Leikanger f.1995

14. Kjellfrid Torunn Mæland, Stord f.1951

15. Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen, Selje f.1956

16. Kjell Jarle Aadland, Os f.1949

17. Jostein Bildøy, Førde i Sunnfjord f.1966

Egil Morland, Fjell f. 1950, supplerande kandidat

Marte Malterud Seip, Eidfjord f. 1946, supplerande kandidat

 

Prestar og lek kyrkjeleg tilsette har eigne lister for kvar sin kandidat til bispedømerådet.

Sjå link nedanfor til presentasjon av alle kandidatane (også lek tilsette og prestar) 

Valet i Bjørgvin er eit fleirtalsval der den kandidaten som får flest røyster, kjem først inn. Kandidatane må føra sin eigen valkamp, dei tilhøyrer ikkje noko parti eller gruppe. Valrådet i bispedømet kan ikkje profilera enkelte av kandidatane framfor andre.

Direkte og indirekte val

Fire av dei leke medlemene blir valde i ein kombinasjon av direkte val blant alle kyrkjemedlemer i Bjørgvin som fyller 15 år seinast i 2015. Dette valet går føre seg 14. september, same dag som soknerådsvalet, kommune- og fylkestingsvalet.

Dei tre resterande leke kandidatane skal veljast av soknerådsmedlemene i november. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"