Workshop med fokus på ungdom, framandfrykt og eigen identitet

Korleis skal ein snakka med konfirmantar og andre ungdomar om haldningar til menneske frå ulike kulturar? Kyrkjeleg dialogsenter i Bergen inviterer til workshop 14. januar 10-12.

Foto henta frå metodikkheftet "...sier vi" til ressursmateriell retta mot ungdom/konfirmantar

Flykningestraumen med menneske frå andre kulturar gjer at mange får sett haldningane sine på prøve. Me høyrer dagleg om islamistisk fundamentalisme og terror. Dette kan skape mykje frykt og negative haldningar. Også blant ungdomar og konfirmantar er dette svært aktuelle tema som dei treng å snakke om.

Men korleis gjer vi det? Det er utarbeida ressursar til dette, og du kan bli med på WORKSHOP for å verta tryggare på korleis du kan gjere det der du arbeider eller er engasjert.

Kyrkjeleg dialogsenter har saman med Mellomkyrkjeleg råd utvikla eit ressursmateriell retta mot ungdom/konfirmantar kalla «Homo, hore, jøde, terrorist, svarting» – sier vi.

Vi vil arbeida konkret med ressursmateriellet og ulike øvingar.

Materiellet har tydeleg fokus på eiga tru, overtyding og identitet. Det går an å bruke også på tvers av tru og livssyn, og legg vekt på det grunnleggjande i å sjå på andre på ein respektfull måte.

Påmelding til marianne@kirkeligdialogsenter.no snarast!

Stad; Dialogsenteret i Mariastuene, Dregsalm.20, torsdag 14. januar kl.10-12 (inkl. lunsj)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"