Klikk på biletet nedanfor for å sjå videoopptaket. Nettstaden bok365.no skreiv ein artikkel om samtalen, den kan du lesa ved å klikka på linken nede på sida.
Samtale mellom Vigdis Hjorth og biskopen på video
Forfattar Vigdis Hjorth var gjest då biskop Halvor Nordhaug inviterte til eit nytt møte i serien "På trua laus" den 3. april. No kan du sjå opptak av samtalen om tru og tvil og litt til mellom dei to engasjerte samtalepartane.

- Det er ei alvorleg sak å vera menneske. Alle stader der det er stort alvor, trekkest eg til, sa Vigdis Hjorth i samtalen med biskop Halvor Nordhaug. (Foto: Solfrid Rong)