Diakonikonferanse med håp

Omlag 150 deltakarar var samla for å høyra om «håp» på Bjørgvin diakonikonferanse 3. november. No kan du høyra føredraga til Hilde Frafjord Johnson, Harald Stoltenberg, Henrik Syse og biskop Halvor Nordhaug.

Hilde Frafjord Johnson snakka om håp for flyktningar og innvandrarar på Bjørgvin diakonikonferanse. Foto: Christer Olsen.

– Håp er noko konkret, men på same tid er det nesten litt mystisk som noko som er der, eller ikkje er der. Når håpet er borte, er det veldig vanskeleg. Diakonien si oppgåve er å legge til rette for at det kan oppstå håp i samfunnet, i grupper og i enkeltmenneske, sa generalsekretær i Kirkens sosialtjeneste Helmuth M. Liessem då han opna den andre diakonikonferansen i Bjørgvin.

Hilde Frafjord Johnson, generalsekretær i KrF og tidlegare bistandsminister, FN-sjef m.m. skulle svara på om det finst håp for flyktningar og innvandrarar.
– Frykt ikkje, du er håpet. Du kan utgjere ein forskjell der du er med det vesle du kan. Alt hjelper. Gjer vi det, så blir håpet røynd for mange, sa ho.

Harald Stoltenberg, diakon og gestaltterapeut i København, snakka om «Tro, håp og tilstedeværelse»
Han vår innom både mindfulness og Søren Kierkegård. – Metoden om mindfulness er utvikla slik at den passar vestens kultur, men burde ikkje dette vera ei diakonal oppgåve, å vera til? Den kristne kyrkja har meditert i hundrevis av år. Vi har velprøvde meditasjonsteknikkar. Dessutan har vi dei beste fasilitetane, vi har over 1600 kyrkjebygg, i tillegg til bedehusa.Er det ikkje vår oppgåve å gjera «tilstedeværelse» tilgjengeleg og relevant for vår tid? Det er jo sjølvsagt ulikskapar, i mindfulness er det oss sjølve som er i sentrum, i kristendommen er det Gud som er i sentrum. Jesus Kristus gjer oss fri frå å vera sjølvopptekne. Er det ikkje fantastisk? spurde Stoltenberg.

– Kyrkja skal vera eit fellesskap som gjev verkeleg nævær, «realpresens». Dette må vera kyrkja sin resept i tida framover, sa biskop Halvor Nordhaug i sitt innlegg «Er det håp for den kristne og humanistiske arven?». Med seg på det same temaet hadde han filosof og fredsforskar Henrik P. Syse. Han var oppteken av at vi er opne for dei rikdommane som finst i den kristne tradisjonen. Dei som høyrer opptaket av Syse konferansen, vil også få med seg ein del gode historiar.

Diakonikonferansen blir arrangert av “Diakoni i Bjørgvin”. Dette er eit økumenisk, ikkje-formelt nettverk av organisasjonar, kyrkjelydar og institusjonar engasjert i diakonalt arbeid, m.a. Haraldsplass diakonale stiftelse, Kirkens Sosialtjeneste, Kirkens SOS, Signo, Stiftelsen Betanien Bergen, Kirkens Bymisjon Bergen, Bergen kirkelige fellesråd, Døves menighet Bergen, Bjørgvin bispedømeråd m.fl.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"