Gisle var også ein av deltakarane på Preikekappleiken som vart arrangert som ein del av Folkefest i reformasjonsbyen Bergen 3. mars 2017. Høyr han snakka i tre minutt om nåden. (Råopptak som ikkje er redigert - kamera Bård Bøe og Jens Meyer)
Sveio-prest i konkurranse om beste preike i verda
Sokneprest Gisle Sørhus i Sveio har kome til finalen i Det lutherske verdensforbund (LVF) sin internasjonale preikekonkurranse for unge prestar. No treng han di røyst for å vinna. Siste frist er i dag, 30. mars. Link til å røysta finn du nedst på sida.

Sokneprest i Sveio, Gisle Sørhus, på preikekappleik. No konkurrerer han om å få preika på Det Lutherske verdsforbundet si generalforsamling. Foto: Bård Bøe.