Halvor Nordhaug tok opp temaet disippel i folkekyrkja då han møtte om lag 160 av prestane i biskopens time. – Sentrum i kyrkja er bordet og ordet, ikkje ei spesiell gruppe folk. Ingen skal vera i tvil om kva som er sentrum, men folk skal få plassera seg der dei vil i forhold til sentrum, utan å føla seg behandla som sekunda vare i kyrkja. Vi skal vera ei open kyrkje. Samtidig skal vi gå djupare, både i kunnskap og kjærleik, sa biskopen som oppfordra prestane sine til å gje folk noko å veksa på i gudstenestene. – Trusopplæringa for born og unge er ei stor gåve til kyrkja, vi når mange gjennom den. Samstundes må vi også ha gudstenester og samlingar der vi gir vaksne noko å veksa på.
Ei kyrkje må ha eit folk. Eit folkekyrkje må ha eit folk som går til kyrkja på søndag og blir utrusta til å leva disippellivet på måndag. Vi skal sjølvsagt raust gje folk kyrkja sine tenester, og tru at møtet med kyrkjelege handlingar gjer noko med dei. Det er godt at folk føler tilhøyrsle med kyrkja, men vårt mål er at mange skal meir enn berre sjå kyrkja, dei skal vera der. Dei skal oppleva at i dette huset blir livet deira tolka og dei opplever eit perspektiv på livet som dei elles ikkje får, sa biskopen.
Seinare på møtet, som samla over 200 deltakarar frå ulike tenestegrupper i kyrkjelydane, heldt domprost Jan Otto Myrseth eit føredrag om disippelskap. Han tok utgangspunkt i korleis Gud engasjerer seg i verda - Med ein kjærleik som vil setje fri, og som lengtar etter ein kjærleg respons. Link til føredraget finn du nedst på denne sida.