– Eg ville skriva boka "Kyrkjefolk" fordi eg meiner "folk flest" har mykje å tilføra kyrkjefellesskapen av tankar og meiningar. Vanlege kyrkjefolk har blitt utfordra til å finna ord for si tru og sine haldningar, seier Askvik som har portrettert eit medlem frå kvart alderssteg frå 1-101 år.
Han fortel at idéen til boka delvis kom etter at han hadde bladd i gatemagasinet = Oslo som har portrett frå gatemiljøet i Oslo. – Eg tenkte: Kvifor ikkje presentere min eigen kyrkjelyd på denne måten? Dei har også sine historiar, seier soknepresten.