Sokneprest med kunstutstilling om nåden

"Nåden bærer meg" er tema for kunstutstillinga til sokneprest Marit Isaksen Espedalen på Tysnes. Utstillinga vert arrangert i høve reformasjonsmarkeringa og vert opna 5. april.

Ein av dei over 20 akvarellane som sokneprest Marit Isaksen Espedalen på Tysnes stiller ut.

- For at Martin Luther skulle hugse det han oppdaga, laga han ei rose med fargar. På eit vis blei dette eit tilskot til orda i forteljinga hans.I livet og i tenesta er det ofte slik at eg treng meir enn berre ord for å fange det orda seier. Då brukar eg pensel og akvarellfargar som ein del av mitt utrykk, seier soknepresten.

- Alltid finn eg nåde som ei avgjerande bærekraft i livet mitt. Difor vart eg glad då Kulturkyrkja Onarheim på Tysnes spurde om eg ville ha ei utstilling med bileta mine nettopp no i «Luther-året». Arbeidstittel for desse bileta er «Nåden bærer meg». Prost Svein Arne Theodorsen opnar utstillinga 5. april kl. 19. Han vil halde eit «miniføredrag» om Nåden hos Luther før han opnar sjølve utstillinga, fortel Espedalen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"