Yoga, ulike former for kontemplasjon og meditasjon har dei siste åra blitt særs populært. Også i kyrkjelege miljø er dette etterspurt, og då med bakgrunn i kristen spiritualitet og praksis. Kyrkjeleg dialogsenter inviterer difor til seminar med teolog og forfatter Anna Ramskov Laursen. Ho har gjennom mange år fordjupa seg i kristen spiritualitet og meditasjonspraksis, og er utdanna meditasjonsleiar. Seminaret inneheld føredrag, smakebitar på ulike meditasjonsformer og praksis. Som deltakar treng du ikkje ha prøvd meditasjon tidlegare!
Påmelding snarast!