Biskop Nordhaug tok i mot tilsaman sju ungdomar frå Fjell og Øygarden. Dei er endå ikkje sikre på om dei vil bli prestar, men det er noko dei tenkjer på. I møte med biskopen fekk dei høyre kva han synest er best med å vere prest.
- Som prest får du kome heilt tett inn på livet til folk, i dei beste og verste stundane i livet deira, fortalde Biskop Nordhaug.
-Og du har den beste mogelegheiten til å dele evangeliet om Jesus!
Ungdomane synast det var både inspirerande og motiverande å møte biskopen. Dei fekk spørja han om kva han tenkjer om framtida til kyrkja, om forholdet til frikyrkjer og bedehus og om kva som er vanskeleg med å vere prest. Avslutningsvis fekk vi be saman og be for biskopen vår.
saka er henta frå Fjell sokn si nettside.