Pilegrim rett vest

Soknepresten i Selje har teke på seg pilegrimsskoa mange gonger. No har det blitt bok av vandringar og møte med menneske i Aust-Tyskland.

Sokneprest i Selje, Kari Leine Balog (fremst til høgre), vandrar gjerne, både heime og ute. No har ho skrive bok om livet på gamle pilegrimsvegar i Aust-Tyskland.

Sokneprest Kari Leine Balog gjev i boka "Pilegrim rett vest" innblikk i det å vera pilegrim, og å vera det i Luthers land, i det tidlegare DDR. Der fann ho den økumeniske pilegrimsvegen mot Santiago de Compostela i Spania. Det er ein pilegrimsveg der ein lett kan finna herberge, anten hjå private eller i kyrkjer. 

Framside til boka Pilegrim rett vest

Kari Leine Balog legg inn mange gode ord for pilegrimslivet. "Det skal så lite til - stig berre litt til sides frå den travle motorvegen og kvardagslivet - så er eventyret der. Det er ikkje alltid mange meter mellom bilvegen og pilegrimsvegen, ofte er dei samanfallande, men likevel er det som dei tilhøyrer kvar si verd. Eg unner alle å finna den vegen - i seg sjølv og i naturen," skriv pilegrimspresten som heime i Noreg er engasjert i utvikling av Sunnivaleia frå Florø/Kinn til Selje. 

 

Arbeidet med boka Pilegrim rett vest - med vandresko i Luthers land, er støtta av Bjørgvin bispedømeråd.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"