17. mai-gudsteneste med markering av nynorskbispen Peter Hognestad

Under gudstenesta i Bergen domkyrkje 17. mai kl. 09.00 vil det bli markert at det er 100 år sidan Peter Hognestad vart biskop i Bjørgvin. Han var pioner for det nynorske kyrkjespråket og landets første "målbiskop".

Biskop Peter Hognestad. Fotograf: ukjend

Gudstenesta i Bergen domkirke 17. mai er tradisjonelt alltid på nynorsk. I år vert den også prega av at det er 150 år sidan Peter Hognestad vart fødd og 100 år sidan han vart biskop.

Peter Hognestad heldt i 1901 den første høgmessepreika på nynorsk i Johanneskyrkja i Oslo, og i 1903 vart han tilsett som stiftskapellan med særleg ansvar for bygdeungdom i byen og for å halde gudstenester på landsmål. Frå 1908 underviste han i gamaltestamentlege emne ved Menighetsfakultetet, og frå 1916 til han døydde i 1931 var han biskop i Bjørgvin.
 
Hognestad omsette Tekstbok for Den norske kyrkja og Altarbok for Den norske kyrkja, var hovudredaktør for den første Bibelen på landsmål og laga Nynorsk salmebok saman med Anders Hovden og Bernt Støylen. Av hans eigne omsetjingar kan nemnast Lei, milde ljos og Fager kveldssol smiler.  (kjelde: aaasentunet.no)

Det er domprost Jan Otto Myrseth som vil foretta og preika ved gudstenesta i Bergen domkyrkje. Nordlandskoret syng. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"