Kor politisk kan kyrkja vere?

Mange meiner at kyrkja går for langt i å driva med politikk. Blant dei er stortingsrepresentant Tina Bru frå Høgre som på grunn av dette melde seg ut av kyrkja. Møt henne i samtale med biskopen onsdag 30. mars kl. 19.00 på Litteraturhuset.

Kva kan kyrkja uttala seg om? Frå ein appell av biskopen om behandlinga av einslege mindreårige asylsøkjarar, i samband med filmen "De andre" i 2012.

«Jeg melder meg ut av statskirken fordi det ikke lenger er rom for sånne som meg», skreiv stortingspolitiker Tina Bru i ein kronikk på NRK Ytring. Ho skulda på at kyrkja har blitt partipolitisk og lagt seg på linje med Miljøpartiet De Grønne i klimadebatten.

Tina Bru (f. 1986) representerer Høgre og har vore innvald på Stortinget frå Rogaland sidan 2013.

 

"På trua laus" er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar.

Fast moderator er Håvard Nyhus, mellom anna kommentator i Bergens Tidende og Vårt Land.

Bill. 85/55,– (stud.)  Det lønar seg å kjøpa billettar på førehand for å vera sikra plass og for å sleppa å stå i lang billettkø ved inngangen. For billetar: Sjå link nedst på sida.

Arrangør: Bjørgvin bispedømme i samarbeid med Litteraturhuset. Serien er støtta av Stiftelsen Fritt Ord.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"