Det vart ein god samtale om vitskap og tru. Professor Øystein Elgarøy seier at han forheld seg til det vi har av kunnskap om materien. - Det som eksisterer utanfor den fysiske røynda, må visa seg i den fysiske røynda for at vi skal kunna vita noko om det, meinte han.
Biskopen var bekymra for at folk tek farvel med trua på feil grunnlag, bl.a fordi dei ikkje får alt i Bibelen til å stemma med det vitskapen har vist oss.
Høyr heile samtalen mellom dei to og moderator Håvard Nyhus ved å klikka på link nedst på sida.