Bjørgvin bispedømeråd vedtok i møte 13. juni 2016 å opprette eit nytt prosti i Bergen. Prostiet skal liggja i «Bergensdalen» og vil dekka nokre av sokna som i dag tilhøyrer domprostiet og Fana prosti.
Følgjande sokn vil frå og med okotber 2017 inngå nye Bergensdalen prosti: Landås, Slettebakken, Storetveit, Bønes, Årstad, Fridalen, Løvstakksiden, Fyllingsdalen og Sælen.
15. juni 2017 vedtok Bjørgvin bispedømeråd å tilsetje Anne Mathilde Klare i stillinga som prost i Bergensdalen prosti. Ho kjem frå stillinga som sokneprest i Drøbak, er 56 år og kjem opprinneleg frå Bergen.
Sundag 29. oktober kl. 19 vert det innsetjingsgudsteneste for den nye prosten i Storetveit kyrkje. Storetveit sokn vert òg prostesete for Bergensdalen prosti.