Fagdagar trusopplæring og frivilleg medarbeidarskap 6. og 7. juni 2016

Bjørgvin bispedøme inviterer til fagdagar for alle som arbeider med trusopplæring og frivilleg medarbeidarskap i kyrkjelydane i Bjørgvin. Alle profesjonar er velkomne. Påmelding innan 31. mai.

Velkomen til fagdagar i Bergen.

Det er mogeleg å vera med på dag to som handlar om medarbeidarskap sjølv om ein ikkje er med på dag ein om trusopplæring. 

Dag 1: Mandag 6. juni, St. Jakob kirke, Bergen, kl. 12 - 21.

Byggeklossar for Praksis – verktøy for praktisk trusopplæring. Råd, tips, triks og hjelp for å få til betre praksis.

Dag 2: Tysdag 7. juni, Bryggen museum kl. 9 - 16.

Byggeklossar for Arbeidstøtte – verktøy for arbeid med frivillighet og arbeid i staben/fellesskapet.

Program

Mandag 6. juni

Therese Kråvik Schøien har i mange år drive babysong og første steg-/ krabbegudstenester. Ho vil ta med nokre nye songar, dele sine erfaringar og hjelpe oss til å dele erfaringar. Ho kjem opprinneleg fra Askøy, men bur nå i Oslo og har arbeidd mest i Sinsen menighet. Ho har temaet sitt på måndag 12.45-14.30. Vi gjer opptak på video som deltakarane får tilgang til i ettertid.

Tema-input: Vi skal ha ein del ulike innlegg knytt til praksis og har utfordra mellom andre: Bjørn Nygård, kateket i Lindås til å vise oss eit dataprogram for oppfølging av konfirmantar. Carina Østensen Søfteland, kateket i Birkeland fortel om Bibeldrama i Birkeland, Menighetspedagogane på Askøy om konseptet Fredagskveld i Strusshamn. Og Kristian Mellingen om Biblo. Fleire tema er under planlegging.

Tysdag 7. juni

Håkon Wergeland Lorentzen er sosiolog, har arbeidd ved Institutt for samfunnsforskning, og er professor II på MF. Han har forska mykje på frivillig arbeid i samfunnet, og gitt ut bøker om Den norske dugnaden (2011) og Fellesskapets fundament (2009). Mykje handlar om korleis vi byggjer samfunnet/fellesskap og korleis individet tek del.

Dei siste åra har han vore aktiv med i forsking på trusopplæringsreforma si effekt på kyrkja og spesielt frivillighetsbiten av det. På MF har Sverre Mogstad, Ketil Fretheim og han nett gjort ferdig ei bok som ser på frivilighet og fellesskap i kyrkja, og som byggjer på forsking innan trusopplæring.

Hans tema er: Frivillig innsats og fellesskap – teologiske, pedagogiske og samfunnsvitenskaplige forståingar av fellesskapet – teoretisk bakteppe. Ulike forståingar av korleis ein skaper og held ved like fellesskap.

Funn fra forskinga tolking av empiriske data om frivillig innsats i nokre trosopplæringsaktivitetar, med, på mange måtar overraskande resultat.

Carina Østensen Søfteland har lang erfaring som kateket i Birkeland. Ho har studert motivasjonspsykologi, og vil gi oss ein innføring i emnet. Motivasjon er relevant i høve til stabsfellesskapet, frivillighetsarbeidet og for å finne ut kva som motiverar ein sjølv i arbeidet i kyrkja. Tema: Jakten på flytsonen- om motivasjon og mestring. Ei lita innføring i motivasjonspsykologi

Dag William Stang er forfattar, forkynnar og bedriftsrådgjevar. Han har nylig gitt ut boka «Tid for to» om kommunikasjon i parforhold saman med kona Tonje Haugeto Stang. Elles har han jobba mykje med rettleiing innan sal og marknadsføring, teamutvikling mm. Hans tema vil vera:Arbeids-/stabsfellesskapet. Om god ekthetskultur, om evaluering som byggjer opp og tilbakemeldings-modellar som gir trygghet og energi. Om tverrfaglig samarbeid, personlighetstypar, sterke/svake områder, teamarbeid, konflikthåndtering ol.

Pris: Kraftig sponsa og difor; for begge dagar kr. 300,-, for berre tysdag kr. 250,- . Prestar blir betalt for av bispedømet.

Påmelding innan 31. mai. Sjå lenke nedst på sida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"