Over 40 deltakarar frå heile Sogn og Fjordane var samla i Førde onsdag 24.september. Det var prestar, kateketar, trusopplæringsmedarbeidarar, diakonar, kyrkjeverjer med fleire.
Tilbakemeldingane i evalueringa var svært bra, dei fleste gav frå 4-6 poeng av 6 moglege. Her er nokre tilbakemeldingar:
"Hadde få forventningar på førehand, så det vart desto betre enn eg kunna tenke meg, takk"
"Oppmuntring til fokus på mediakontakt, Kirka er for beskjeden"
"Nyttig å få avklaring på at markedsføring er eit eige tema i starten av planleggingsfasen av eit tiltak. – At profilering skal vi vere frimodige på"
Ønskjer du å være med på konferansen som skal vera i Bergen 1. og 2.oktober kan du framleis melda deg på , sjå linken under.
Konferansen er for alle som har tiltak eller arrangement som dei vil marknadsføra eller informera om. Konferansane fokuserer på arbeid med trusopplæring, men er nyttig for alle som arbeidar i kyrkja. Dette er aktuelt for prostar, kyrkjeverjer, kyrkjemusikarar, prestar, kateketar, kyrkjelydspedagogar, diakonar, kyrkjelydsbladsredaktørar osv.
Vel møtt!