Du som arbeider i kyrkja kan få med deg desse samlingane under Bergen kirkeautunnale/fagdagar for kyrkjemusikarar for 200 kr pr. verkstad:
Publikumsutvikling med strategirådgjevar Kari Øritsland – verkstad for alle
A. 29.10 kl. 14.30 – 16.00 eller
B. 29.10 kl. 17.30 – 19.00
Rytmisk gudsteneste- kva er mogeleg? med barne - og ungdomskantor Eirik Breivik Minde og musikarar – for deg som vil utvide repertoaret
C. 30.10 kl. 09.30 – 11.30
Deltakarar på fagdagane kan i tillegg få med seg SalmeSpel med Domorganist Kåre Nordstoga – verkstad for kyrkjemusikarar
For alle:
Panelsamtale om kyrkjeleg verdiforvaltning med kulturjournalist Ida Habbestad, bymisjonsprest Kari Veiteberg, songar Unni Løvlid, domkantor Kjetil Almenning og festspelsjef Anders Beyer. Ope. Gratis.
For påmelding til fagdagane, sjå link nedst på sida.
For påmelding til verkstadane, send e-post til rsgm@kyrkja.no: Skriv verkstad (A, B og eller C), namn, stilling og fakturaadresse.
For kyrkjemusikarar:
Kyrkjemusikarar som deltek på heile programmet for fagdagane kan søke KA om støtte til deltakaravgifta:
Kursavgift kr. 800,- (inkl. 2 verkstader, 1 felles fagsamling, 2 konsertar, 2 lunsjar m.m.)
Målet for fagdagane er kompetanseheving, kunnskapsdeling, musisering og hyggje!