Kyrkja og kulturen - slik Herborg Kråkevik og biskopen ser det

Korleis har forholdet mellom kyrkja og kulturen vore, og korleis er det i dag? Høyr Herborg Kråkevik fortelja om sine personlege erfaringar og meir generelle haldningar til dette i samtale med biskop Halvor Nordhaug.

Samtalen om kyrkja og kulturen vart avslutta med at alle song alle versa  "No livnar det i lundar." Foto: Jens Z. Meyer

Den siste samtalen i serien "På trua laus" vart ei engasjert og personleg forteljing frå artist Herborg Kråkevik om oppvekst, kyrkje og bedehus, haldning til pietismen og mykje meir. Mellom anna avslørte ho kvifor ho var glad ho ikkje vaks opp på den andre sida av fjorden...

Samstundes vart det ein meir prinsipiell samtale med biskopen om ulike kulturuttrykk i kyrkja. Kvar går grensa for kva som høver seg i ei gravferd? Kva haldning skal ein ha til kommersielle julekonsertar m.m.

Klikk på lenke nedst på sida for å høyra utdrag av samtalen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"