Geistlege og lek tilsette kandidatar til valet kan ennå fremmast gjennom supplerande nominasjon

Det er ennå ikkje for seint å foreslå kandidatar til valet for geistleg og lek tilsett kandidat til bispedømerådet og kyrkjemøtet.

Fram til 5. juni kan ei gruppe på minst 10 røysteføre prestar eller 10 lek tilsette i bispedømet og der det skal vera med røysteføre frå minst to prosti, fremja alternative kandidatar til lista ved «supplerande nominasjon». Kvar gruppe av forslagsstillarar kan nominera berre éin kandidat. Det må liggja føre underskrift frå forslagsstillarane, og de må oppgje ein tillitsperson for gruppa. Det må også liggja føre skriftleg stadfesting frå kandidaten om at vedkomande er villig til å stilla til val.

Under her ligg skjemaet kandidaten skal fyllja ut, og sende inn til valrådet i Bjørgvin bispedøme, epost: post@

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"