Kyrkjer og kyrkjekunst rundt reformasjonen

Er du interessert i historien bak kyrkjene i Bergen og kva konsekvensar reformasjonen fekk for dei og for korleis kyrkjene i heile Nord-Europa ser ut i dag? Då kan Reformasjonsbyen Bergen 2017 tilby fleire aktuelle arrangement.

Mariakirken i Bergen, altaret. Foto: Bjørgvin bispedømekontor

I samband med Folkefest i reformasjonsbyen kan du få vandra med guide i Reformasjonsbyen, oppdaga Nonneseter eller vandra frå Alrekstad til Domkirken saman med byhistorikarane Gunnar Staalesen, Egil Ertresvaag og Målfrid Krohn Sletten, biskop Halvor Nordhaug og pilegrimsprest Einar Vegge 

Du kan oppdaga Kirkekunstsamlingen på Universitetsmuséet eller gå på reformasjonsomvisning på Det Hanseatiske museum.

For born i alle aldrar blir det "7-tårnstur" med quizløype og premiar.

Mandag 6. mars blir det både internasjonal konferanse om "The reformation and the arts around The north sea" og open debatt om "The Reformation - A curse for church art? Facts and myths". 

Les meir om arrangementa nedanfor:

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"