Våren 2014 arrangerte Bjørgvin bispedøme med biskop Halvor Nordhaug i spissen, i samarbeid med Stefanusalliansen og SMM Bjørgvin (Samarbeid Menighet og Misjon Bjørgvin), ein tur for kyrkjelege medarbeidarar til det sør-austlege Tyrkia for å komme tettare på det arbeidet organisasjonen driv i dette området.
Ein av dei som gruppa frå Bjørgvin traff var fader Yusuf Akbulut som er prest i den syrisk-ortodokse Jomfru Maria-kyrkja i Diarbakir. Den 25. mars i år melde regjeringsvenlege medier i Tyrkia at 6300 tomter i sentrum av Diarbakir skal eksproprierast av staten. Jomfru Maria-kyrkja er ein av desse som vert råka av dette vedtaket. Kyrkjesamfunnet misser med dette kyrkja si. Grunngjevinga frå styresmaktene er at kyrkjene er historiske bygningar som må vernast. Konsekvensane for dei kristne i byen er at dei no ikkje har nokon møtestad. Dei har heller ikkje fått noko løfte om å få tilbake kyrkja.
Dette maktovergrepet frå den tyrkiske staten si side er ikkje nytt. Kyrkjer fleire stader i Tyrkia har opplevd det same. Ved å erklære kyrkjer som verneverdige, historisk bygningar, tek ein frå dei kristne deira gudshus og høvet til å møtast til gudstenester og til å drive kyrkjelydsbyggjande arbeid.
– Vi oppmodar til forbønn for kyrkja og dei kristne i Tyrkia som opplever undertrykking, seier misjonsrådgjevar i Bjørgvin, Vetle Karlsen Eide.
– Vidare oppmodar vi enkeltpersonar og kyrkjelydar til å engasjere seg for den lidande kyrkja ved å støtte det arbeidet Stefanusalliansen driv i Tyrkia og andre stader. Ein kan til dømes inngå ein misjonsavtale mellom lokal kyrkjelyd og Stefanusalliansen, seier misjonsrådgjevaren.
Sjå også link nedst på sida til faksimile av oppslag i Dagen 5. april 2016