Kinn - lita øy med mykje liv

Den vesle øya Kinn, vest mot havet ein halvtime med båt frå Florø, er vertskap for både Kinnaspel og pilegrimar. Spelet og konsert i den gamle kyrkja, kan du oppleva 16. og 17. juni. Les også om opning av Kystpilegrimsleia, opa kyrkje og øya sin inspirasjon til boka Jordvenn.

Kinnaspelet vert framført like ved kyrkja på Kinn

Kinnaspelet "Songen ved det store djup" er eit av dei eldste historiske spelta i Noreg, tufta på same historie og same manus. Berre "Spelet om Helag Olav" på Stiklestad er eldre.

I år er det den irske ambassadøren Mr. Karl Gardner som opner Kinnaspelet. Han vil legge vekt på banda over havet og at det vert sagt at Sunniva var ei prinsesse frå Irland. Kinnaspelet hadde urpremiere i 1985 og i år reknar arrangørane med å passere eit publikumstal på 100.000.

Program

Laurdag 16. juni

Båt frå Strandkaien i Bergen kl 08.00

Båt frå Florø kontinuerleg

frå kl. 09.00. Pause kl. 13.00 - 14.00.

13.00: Songen ved det store djup

13.00: Avreise Florø til familietur

Båt frå Kalvåg 14.00

14.30: Omvisning i kyrkja

15.00: Historisk vandring

15.15 : Konsert i kyrkja

16.30: Songen ved det store djup

18.00: Kveldsbøn

 

Sundag 17. juni

Båtavgangar frå Florø kontinuerleg

frå kl. 09.00. Pause kl. 13.00 - 14.00.

11.00: Gudsteneste

13.00: Songen ved det store djup

13.00: Avreise Florø til vikingaktivitetar

14.30: Omvisning i kyrkja

15.00: Historisk vandring

15.15 : Konsert i kyrkja

16.30: Songen ved det store djup

18.00: Kveldsbøn

Opning av kystpilegrimsleia

I samband med årets Kinnaspelet vert det laurdag 16. juni foretatt offisiell og høgtidelig opning av kystpilegrimsleia. Fylkesordførar Jenny Følling foretar opninga 1630 på Kinn. RS Risør II, ei historisk redningsskøyte, seglar langs kysten for å markere opninga langs kysten.

Open kyrkje ut juli

Etter årets spel er det planlagt eit større vedlikehaldsarbeid ved Kinnakyrkja. Trass i dette, held ein fram med tilbodet om Open kyrkje i perioden 25. juni og fram til 31. juli. For fjerde året held eit frivillig vertskap til ved kyrkja på Kinn. Dei ynskjer å ta godt i mot vitjande på øya, tilbyr tidebønner klokka 1130 og 1900 kvar dag. Dei stempler pilegrimspass, steiker vafler og samtalar om tru.

Kinnaspelet og Kinn har gjeve inspirasjon til boka Jordvenn

Sokneprest Knut Magne Nesse har vore med å laga eit nytt pedagogisk opplegg til bruk i trusopplæringa som heiter «Jordvenn». Ei ny bok er klar i desse dagar og erfaringar frå Kinnaspelet, pilgrimsvandringar på Kinn og arbeidet med open kyrkje har gjeve viktige innspel.

– Vi vil lære barn å bli venner med jorda!, seier han. Gjennom å oppleve naturen, gå pilegrimsvandring og vere ute, vil vi lære dei bli glade i jorda og på den måte å ta betre vare på henne. Boka heiter Jordvenn og er utgjeven på IKO-forlaget. Dialogprest i Bergen, Marianne Bergsjø Gammelsæter, har også gjeve bidrag til prosjektet og boka Jordvenn.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"