- Vi vil gjerne at dei som er interesserte i pilegrimsarbeid blir med på desse to nettverksdagane på. Her vil vi få dela eigne erfaringar, høyra andre sine erfaringar og få ei fagleg oppdatering på pilegrims- og stillearbeid knytt til trusopplæring. Ein får høve til å byggja nettverk med andre, bli inspirert og få bidra inn i prosjektet «Jordvenn med heile skaparverket», fortel Marianne Bergsjø Gammelsæter som er prosjektleiar for Jordvenn.
Dette er eit nytt treårig utviklingsprosjekt for IKO - Kirkelig pedagogisk senter. Prosjektet er støtta av Kyrkjerådet og er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme, Kirkens Nødhjelp, Den norske kyrkja nord/sør-informasjon, KFUK-KFUM-speidarane og IKO,
Pilegrimstradisjonen har lange og mangfaldige røter. Det same har kontemplasjon og stille i kristen tradisjon. Disse tradisjonane har fått sin renessanse i vår tid. IKO ønskjer å gjere det mogleg at fleire born og unge får erfare pilegrimstradisjonen i ei tid med mange nye formar for støy.
Påmelding innan 15. januar. Sjå link nedst på sida.
Pris: Deltakaravgifta er subsidiert og pris per deltaker er 1 150 kr.
Frå programmet (link til heile programmet nedst på sida):
- Fagleg påfyll og erfaringsdeling
- Økoteologi v/Tom Sverre Tomren
- Pilegrimsmetodikk v/Marianne Bergsjø Gammelsæter
- Vandring/skitur i vakker fjellnatur
- Eigenrefleksjon
- Morgon- og kveldsbøn
- God mat, lokalt produsert i Bergsdalen
Bakgrunn
Jordvenn vil kvalitetssikre og utvikle metodikk for pilegrimsvandringar og stillearbeid i trusopplæringa. IKO har etablert ei nasjonal nettverksgruppe og inviterer no fagpersonar og interesserte frå kyrkjelydane og andre relevante fagmiljø frå heile landet til verkstadsdagar i januar.
Tidsrammer: Vi legg til rette for at deltakarane kan ta toget frå aust og vest. Difor er det oppstart måndag kl. 15.00 og avslutning onsdag morgon (toget går 8.40 til Oslo). Det er mogleg å avslutte tysdag kveld. Det er òg mogleg å kome søndag kveld for å nytte måndag føremiddag etter eige ønske f.eks. som studiedøgn.
For meir informasjon kontakt: Marianne Bergsjø Gammelsæter, prosjektleiar for Jordvenn og leiar av Bergheim (95806920) eller Anne-Brit L. Johansen, IKO (96627051)