Johan Nordahl Brun-prisen til pionérsenter innan oppfølging

Johan Nordahl Brun-prisen for 2018 går til CRUX Kalfarhuset oppfølgingssenter. Dei får prisen for sitt diakonale arbeid for menneske som ønskjer eit liv utan å vera avhengige av rus og kriminalitet. Prisutdeling i Korskirken 8. april kl. 18.00.

Koret Bækkalokket blir med på prisutdelinga.

Prisen blir delt ut av biskopen i Bjørgvin til ein person, ein institusjon eller ei verksemd knytt til Bergen eller Bjørgvin bispedøme, som har markert seg i kyrkje, kultur og/eller samfunnsliv, på ein måte som vidarefører arven frå Johan Nordahl Brun. Særleg aktuelle er dei som har verka som brubyggjarar mellom kyrkja og samfunnet.

Med seg i juryen som bestemmer vinnaren har biskopen ordføraren i Bergen, Marte Mjøs Persen, og dagleg leiar for Kirkens bymisjon i Bergen, Arne Liljedahl Lynngård.
CRUX Kalfarhuset oppfølgingssenter er eit rusfritt tilbod til menneske med bakgrunn frå rus og/eller kriminalitet. Målet er å betra deltakarane sin livskvalitet ut frå eine føresetnader og behov og hindre at ein fell tilbake til kriminalitet og rus. Arbeid overfor dei pårørande er også ein viktig del av tilbodet.

CRUX Kalfarhuset oppfølgingssenter vart starta i 1994 av Kjell og Alfhild Grønner som eit pionerprosjekt i Noreg, og vart det første oppfølgingssenteret i CRUX (Som då hadde namnet Kirkens Sosialtjeneste).

Eit av dei mest populære tilboda på ettervernssenteret er koret Bækkalokket. Dei vil delta på utdelinga av prisen som skjer på ei mottaking som er open for alle i Korskirken 8. april. Oppfølgingssenteret sin leiar, Ragnar «Raggen» Tesdal vil ta i mot prisen og det vil også bli kulturelle innslag ved Christine Guldbrandsen og Julian Misic med musikarar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"