Vinnaren av Johan Nordahl Brun-prisen skal etter regelen gje bort pengegåva på 20.000 kr til nokon andre. Sjølv har Kalfarhuset tidlegare fått to andre prisvinnarar sine premiepengar, og når dei no skulle finna ein mottakar, valde dei å gje pengane til Kari Hilde French sitt arbeid blant fangar i Kongo. Ho har nyleg besøkt Kalfarhuset og verksemdsleiar Ragnar Tesdal brukte mykje av takketalen sin til å snakka varmt om kor imponerte dei var av det dei fekk høyra om arbeidet ho er engasjert i. Han leier sjølv ei verksemd som for ein stor del arbeider blant noverande og tidlegare innsette i fengselet og skjønar kva dette kan bety for dei som er fangar under særs vanskelege kår i Kongo.
Biskopen utfordra styresmaktene
Johan Nordahl Brun-prisen blir delt ut på biskopen si mottaking i Korskirken, og i talen sin kom biskopen med ei politisk utfordring til styresmaktene ved Kriminalomsorgsdirektoratet. – Dei har stramma inn permisjonspraksisen innan kriminalomsorgen og slik gjort det vanskelegare for dei innsette å ta del i dei aktivitetane som ein institusjon som Kalfarhuset tilbyr. Dette har øydelagt mykje for senteret sitt arbeid, og framstår som ein trist og feilslått politikk drive fram meir av tanken om straff som gjengjelding enn som rehabilitering. Eg håpar at styresmaktene her vil leggje om kursen og vende tilbake til ein meir open praksis, sa biskopen.
Utdelinga var prega av fleire flotte kulturelle innslag, både ved Kalfarhuset sitt eige kor, Bækkalokket, Julian Misic og Christine Guldbrandsen. Innimellom innslaga fekk vi også høyra vitnemål om kva senteret betyr for dei som høyrer til der.
Brubyggjarar
Johan Nordahl Brun-prisen skal gå til personar eller institusjonar som har virka som brubyggjarar mellom kyrkja og samfunnet elles. I grunngjevinga for tildelinga, sa jurymedlem Arne L. Lynngård frå Kirkens bymisjon at juryen meiner CRUX Kalfarhuset oppfølgingssenter si diakonale teneste utgjer ein vesentleg del av kyrkja si formidling av evangeliet om Guds kjærleik til alle menneske.
Byråd Anna Elisa Tryti representerte Bergen kommune og sa at Kalfarhuset i mange år har bidratt som ein viktig aktør i arbeidet for eit samfunn prega av likeverd og respekt der menneske med ein vanskeleg livshistorie blir gitt høve til å finne sin plass i fellesskapet. – Det har difor vore naturleg for offentlege styresmaker både sentralt og lokalt å støtte senteret. Bergen kommune er den viktigaste økonomiske bidragsytaren til Kalfarhuset, og viser på denne måten kor viktig senteret sitt arbeid er for byen, sa byråden.