Saksframlegg til sak om høyring på ny trussamfunnslov

Bjørgvin bispedømeråd skal i møte 5. desember drøfta sitt høyringssvar til Kulturdepartementet i saka om ny lov om trus- og livssynssamfunn.

Høyringa om ny trussamfunnslov er tema på bispedømerådsmøtet 5. desmber. No er saksframlegget klart.

Bjørgvin bispedømeråd hadde si første drøfting av denne saka i møte 3. november. På bakgrunn av dette har administrasjonen ved bispedømekontoret skrive eit framlegg til høyringsfråsegn, sjå lenke nedst på sida. Den første runden i bispedømerådet tyda på at det vil bli votering om nokre av spørsmåla høyringa ber om svar på. Kva som blir bispedømerådet sitt endlege høyringssvar, vil bli gjort kjent etter møtet i desember.

På dette møtet vil det elles vera fleire tilsetjingssaker, og bispedømerådet møter ungdomsrådet i Bjørgvin.

Sakliste

Ord for dagen
Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjenning av møteprotokollen frå 03.11.2017
Tilsetting av sokneprest i Nordhordland prosti, Ostereidet og Mo sokn
Tilsetting av sokneprest i Fana prosti, Birkeland sokn
Tilsetting av sokneprest i Fana prosti, Skjold sokn
Tilsetting av prostiprest i Åsane prosti
Budsjett 2018
Rapport reformasjonsjubileet
Høyring: Forslag til ny lov om trus- og livssynssamfunn
Orienteringssaker

Møte med Ungdomsrådet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"