Dagskonferanse i Førde 24. september om marknadsføring av kyrkja

Det blir dagskonferanse i Førde 24. september om kommunikasjon/marknadsføring av kyrkja og trusopplæringa.

Konferansen er ei kort utgåve av ein tilsvarande konferanse i Bergen i starten av oktober.
MÅLGRUPPE:
Dette er for alle som har tiltak eller arrangement som dei vil marknadsføre eller informere om. Konferansen fokuserer på arbeid med trusopplæring, men er nyttig for alle som arbeider i kyrkja. Konferansen er aktuell for prostar, kyrkjeverjer, kyrkjemusikarar, prestar, kateketar, kyrkjelydspedagogr, diakonar, kyrkjelydsbladsredaktørar osv. 
KURSHALDARAR:
Oddbjørg Aasen Bjørdal er journalist med erfaring frå NRK Dagsrevyen, som leiar for NRK sine religiøse TV-program og faktasjef i NRK. Bjørdal har vore informasjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune og høgskulelektor i journalistikk ved Gimlekollen mediehøyskole og arbeider no som kommunikasjonsrådgjevar.
Ann Helen Frivold er cand.scient. Erfaring med omdømmebygging, PR og marknadskommunikasjon frå farmasøytisk industri og Søndagsskolen Noreg. Ho var initiativtakar og prosjektleiar for Tårnagentene og arbeider no som konsulent innan kommunikasjon og marknadsføring.
Arrangør: Bjørgvin bispedømeråd  i samarbeid med firmaet Himmelhøyt.
STAD: Førde kyrkjetun, Kyrkjevegen 23F, Førde.
PROGRAM 
09:30 Registrering og kaffi
10:00 - 10:15 Velkomen og konferansestart
10.15 Oddbjørg Aasen Bjørdal: Korleis kome på talefot med media om kyrkja og trusopplæring. Bruk av sosiale media.Ann Helen Frivold: Korleis marknadsføre trusopplæringa og andre tiltak? Informasjon om "Kirkenettet" - nye nettsider for Den norske kyrkja.
12.00 Lunsj
Ann Helen Frivold: Korleis lage ein kommunikasjonsplan
Gruppearbeid 1: Vi lagar kommunikasjonsplan for aktuelt arrangement eller tiltak
Oddbjørg Aasen Bjørdal: Korleis skrive for web og korleis lage pressemelding?
Gruppearbeid 2: Vi skriv korte web-artiklar og pressemelding
16:00 Slutt
Utvida påmeldingsfrist: 16. September
PÅMELDING:  Sjå peikar nedst på sida.
PRIS: Kroner 300,-
Reise og evt. opphald må deltakarane ordne sjølve. For prestar tilsette av Bjørgvin bispedømeråd: Kursavgifta vil bli refundert etter rekning. Reise etter rimelegaste sats. Reiserekning må leverast innan 1. november. 
Det vert ein tilsvarande konferanse i Bergen 1. - 2. oktober. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"