Opptak av folkemøtet: Kva om kyrkja forsvann?

Kva om kyrkja forsvann? Det var tema for ein debatt på Litteraturhuset i regi av Bjørgvin kirkeakademi under bispevisitasen i Bergen domkirke menighet i januar. No kan du høyra samtalen her. Onsdag 21. mars er det nytt tema i kirkeakademiet: "Fred for Jerusalem?"

Høyr samtalen om kyrkja sin plass i samfunnet mellom (f.v.) byråd Dag Inge Ulstein, redaktør Frøy Gulbrandsen, biskop Halvor Nordhaug og prest og forskar Sunniva Gylver.

Samtalen på folkemøtet var mellom byråd i Bergen Dag Inge Ulstein, politisk redaktør i BT Frøy Gulbrandsen, biskop Halvor Nordhaug og prest og forskar Sunniva Gylver. Domprost Jan Otto Myrseth hadde innleiing til samtalen, medan Torbjørn Wilhelmsen var debattleiar.

Neste møte i Bjørgvin kirkeakademi er onsdag 21. mars kl. 19.00 på Litteraturhuset. Prost Trond Bakkevig vil halda føredrag om temaet "Fred for Jerusalem?"

Trond Bakkevig har sidan 1996 leia eit samarbeid mellom representantar for dei tre religionane som dominerer i Jerusalem og arbeidd med utfordringar som politikarar har lete liggje. I si bok Dagbøker fra Jerusalem drøftar han korleis religiøs dialog kan bidra til fred, og utfordrar politikarar til å nytta eit religiøst samarbeid på ein betre måte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"