Gåturen som reddar liv

Folk på flukt frå Boko Haram og Kongo er blant dei som akkurat no dreg nytte av pengane frå fjorårets Fasteaksjon. I år kan nye menneske få hjelp når Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon vert arrangert den 18-20.mars. 97 prosent av kyrkjelydane i Bjørgvin er med på innsamlinga.

Ta godt imot dei som kjem på døra med bøsser. Foto: KN

Dei siste åra har konfirmantar og andre frå kyrkjelydane i bispedømet samla inn i overkant av 4 mill kr. Regionskoordinator Gunnar Kartveit i Kirkens nødhjelp håpar på ny rekord i år.

- Det viktigaste for å auka resultatet er full dekning med bøsseberarar, og at vaksne er med saman med konfirmantar, seier han. Ta gjerne kontakt med kyrkjelyden din om du ønskjer å hjelpa.

- Vatn er fokus for fasteaksjonen. Vatn er grunnleggjande viktig, og det har mange gode ringverknader – helse, utdanning, arbeid, tryggleik, mat, hindra flukt m.m.Samstundes blir pengane brukte der dei til ei kvar tid trengst mest, seier Gunnar Kartveit.

Det vert mogleg å støtte opp om aksjonen ved å gje i bøsser, men også ved å sende eit valfritt beløp via Vipps til 2426, eller ved å sende SMS med kodeordet GÅVE til 2426 (200 kr).

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"