22. - 24. mars er det tid for Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 med temaet " I kriser er vatn kritisk". Då kjem konfirmantar, unge og vaksne og ringjer på dørene i din kyrkjelyd for å samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp.
Klimaendringane fører til fleire og verre katastrofer, og tilgangen på reint vatn blir endå vanskelegare for mange menneske. Alltid er det dei fattigaste som får kjenna det mest, anten det er tyfon på Filippinene, tørke i Etiopia eller flaum i Pakistan. Difor driv Kirkens Nødhjelp livreddande arbeid i katastrofesituasjonar og samstundes langsiktig arbeid som kan førebyggje katastrofene og gjera noko med årsakene. Dette arbeidet kan du vera med på!
I Matt 22, 39 kan vi lese at «Du skal elska nesten din som deg sjølv». Relasjonen til nesten min handlar ikkje berre om menneska, skapte i Guds bilete, men om alt som Gud har skapt og som Gud har gjeve oss i oppdrag å forvalte. Vi veit at skaparverket blir truga av menneskeskapte klimaendringar. Det trugar livsgrunnlaget for menneske. Det gjeld særleg tilgangen på reint vatn. Menneske i kyrkjelydar over heile landet har alt eit stort engasjement for klima og rettferd. Ved å delta i fasteaksjonen som handlar om nettopp klima og vatn, gjer kyrkjelydane ein ekstra innsats for dette.
For å lese meir om aksjonen besøk fasteaksjonen si heimeside, sjå eiga lenkje.