Fakkeltog og søndag for dei forfølgde

I ei verd der menneske blir forfølgde, undertrykte og drepte på grunn av trua si, er det vår plikt og vårt kall og stå opp for våre medmenneske. Dette kan vi bl.a. gjere ved å markere «Søndag for de forfølgde». I Bergen kan vi dessutan gå i fakkeltog 3. november.

Frå fakkeltoget i 2014

Fakkeltoget i Bergen 3. november kl. 18.30 for forfølgde kristne blir arrangert for 6. år på rad.

 Program:

  • Appell ved biskop Halvor Nordhaug på Torgalmenningen.
  • Fakkeltog til "Betlehem" på Nøstet
  • Møte med ein pastor frå Syria og kona hans. Ekteparet tilbyr hjelp til flyktningane i Damaskus. Pastor Edward seier: «Det er vår tid no til å gjere det som er kyrkja si teneste. Kven andre kan bringe håp og skape fred i menneske sine hjarte enn Herren? No er tida for kyrkja til å hjelpe menneske til å komme til Herren og finne fred og tilflukt i Han!»

  Arr. Bjørgvin bispedøme, Åpne Dører og Stefanusalliansen

Søndag for dei forfølgde

Den 8. november 2015 (eller den dagen det passar) blir «Søndag for dei forfølgde» markert i kyrkjer over heile verda. Denne dagen står vi saman om å vise solidaritet med alle kristne som blir undertrykte eller forfølgde. I år er fokus på Irak og Syria. 

Sjå link nedanfor til Stefanusalliansen sine sider der det er ressursmateriell til bruk i kyrkjelyden, både gudstenesteforslag og materiell til barnegrupper m.m.

Det er også mogeleg å inngå ein misjonsavtale med Stefanusalliansen. Ta kontakt med oss om du har spørsmål om dette.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"