Fokus for fagdagane er å læra, musisera og hyggja oss! Bjørgvin bispedøme og Bergen Kirkeautunnale ønskjer å gi inspirasjon til alle kyrkjemusikarar og musikkarbeidarar gjennom eit nylaga og spesialutvikla verkstad om Publikumsutvikling for kyrkjemusikarar, og gjennom folk som er dyktige på salmespel og rytmisk musikk.
I programmet er det ein panelsamtale som finn stad på Litteraturhuset torsdag 30.oktober kl. 14.00, denne er ope for alle. Deltakarar: Bymisjonsprest Kari Veiteberg, songar Unni Løvlid, domkantor Kjetil Almenning og festspillsjef Anders Beyer. Samtalen blir leia av kulturjournalist Ida Habbestad.
Tema for samtalen:
…Kyrkjerommet gjer noko med deg når du går inn i det. Den opplevinga er vesensforskjellig frå opplevinga det er å trø inn i ein konsertsal - den skapar eit spirituelt og magisk rom, der ein kan stilla inn sinnet på det å ta imot.
...Kunsten, uansett om den er verdsleg eller kyrkjeleg, ynskjer å skapa noko opphøgd, ein spiritualitet, som sår eit frø i oss, som kan henda får uventa følgjer for korleis me oppfattar verda.
Etter debatten er det "Salmekveld" i Domkirken kl. 18.00. Også den er open for alle. Medverkande: Unni Løvlid - folkesongar, Håkon Thelin - kontrabass, domkantor Kjetil Almenning, barne og ungdomskantor Eirik Breivik Minde.
Ønkjer du å vere deltakar på fagdagane, sjå lenkjer for meir informasjon og påmelding nedanfor.