Fagdagar for kyrkjemusikk

Bjørgvin bispedøme og Bergen kirkeautunnale inviterar til fagdagar for kyrkjemusikarar 26.-27. oktober. Kyrkjemusikk i trusopplæringa og nye kyrkjemusikalske initiativ er blant nokon av programpostane saman med flotte konsertar.

Fagdagar for kyrkjemusikk

Me ynskjer å gje både kunnskap, inspirasjon og utfordring til det kyrkjemusikalske arbeidet i sokna.

Dag 1 – torsdag 26.10 er øyremerka plan for kyrkjemusikk og kyrkjemusikk i trusopplæringa.

To flotte konsertar under Bergen kirkeautunnale er inkludert i konferanseprisen.

Dag 2 – fredag 27.10 Under overskrifta Re:form – In:spir, presenterar me nye kyrkjemusikalske initiativ i Luther-året og foredrag om Luther og salmesongen.

Prosjektet «Pilegrim i Orgelsko» (eit nytt, nasjonalt prosjekt for orgelspelande born mellom seks og nitten år) inviterer oss inn i arbeidet sitt og seinare deltek dei og vi alle i ein felles Salmekveld.

Inspirer gjerne ein kollega, kyrkjeverja eller eit soknerådsmedlem til å melde seg på fagdagane!

Velkomen til fagdagar i Reformasjonsbyen Bergen 26. – 27.10.

For program og påmelding, sjå lenkjer nede på sida

Gode helsingar frå

Bjørgvin kyrkjemusikkutval

Kjetil Almenning – Henny Koppen – Tonje Askeland – Ivar Mæland

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"