Kurset kan ein ta som del av ein mastergrad eller som ei sjølvstendig vidareutdanning.
Kurset er tverrfagleg og ope for alle interesserte, til dømes kyrkjeverjer, diakonar/diakoniarbeidarar, prestar, kateketar, kantorar, kyrkjelydspedagogar, menighetsforvaltere m.fl.
Påmeldinga til kurset er opna. Sjå nettsidene til VID (link nedst på sida). Der kan du også lese meir om opptakskrav, innhald, vurderingsordning, kostnader, søknadsfrist/påmelding og kontaktinformasjon for VID.
Studieemnet blir gjennomført i Bergen med 30 - 34 undervisningstimar:
Del 1. Veke 43: 25. – 27. oktober 2016
Del 2: Veke 7: 14. – 16. februar 2017
Del 3: Heimeeksamen Uke 12/13: 24. – 29. mars 2017
Etter- og vidareutdanningskurs om leiing i kyrkje og samfunn
Bjørgvin bispedøme inviterer, i samarbeid med VID vitenskapelige høgskole, Diakonhjemmet, til etter- og vidareutdanningskurset: "Ledelse i kirke og samfunn (10 studiepoeng)" hausten 2016/ våren 2017. Søknadsfrist: 1. september.