Bjørgvin kirkeakademi ser tilbake og framover

Kvinnehistorisk vandring, dialog mellom prest og ateist, folkekyrkja i framtida og oppbyggelege eksempel for vaksne som er førebilete for neste generasjon er stikkord for vårens program i Bjørgvin kirkeakademi.

Den bortkomne sonen av Rembrandt er eitt av kunstverka i databasen oppbyggeligeeksempler.no som blir omtalt i vårens siste kirkeakademi. (Bilde henta frå ibiblio.net)

Den første samlinga er onsdag 11. februar ved lektor og forfattar Elisabeth Aasen, som  tek føre seg kvinner i eit mannsdominert miljø i Kong Oscars gate i Bergen frå 1500 - 1800 talet.

Presten Stian Kilde Aarebrot og rådgjevar i Human-Etisk forbund, Didrik Søderlind, møtest til dialog torsdag 5. mars.

Domprost Jan Otto Myrseth innleier onsdag den 11. mars til refleksjon og samtale om folkekyrkja sine utfordringar.

Førstelektor ved NLA, Stein M. Wivestad tek onsdag 15. april føre seg korleis vi kan vera førebilete for neste generasjon og korleis erfaring av kunstverk (bilder, filmar, musikk og tektar) kan danna grunnlag for ein samtale om korleis vi sjølve er og kva som kan bevega oss til å bli betre.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"