Reformasjonsmarkeringa med prosjektet Reformasjonsbyen Bergen var første sak på dagsorden. Bispedømerådet står bak den store satsinga saman med Bergen kirkelige fellesråd, Bergen domkirke menighet og Bergen kommune.
Resten av dagen var prega av at bispedømerådet skal delta på kyrkjemøtet i Trondheim 25. - 31. januar, der dei utgjer "Bjørgvinbenken". Rådet gjekk gjennom sakene som skal opp. Medlemene er plassert i ulike kommitear. Sjå lenke til oversyn over dette nedst på sida.