Bispedømerådet med ny strategi, tilsetjingar og leiarval

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til møte 7. februar. På dagsorden stod konstituering med nyval av leiar, tilsetjingssaker, strategi og høyringar.

Leiar Inger Helene Nordeide og nestleiar Karl Johan Kirkebø vart attvalde på møtet i Bjørgvin bispedømeråd.

Bispedømerådet har no kome halvvegs i den inneverande valperioden, og det var difor ny konstituering med val av leiar og nestleiar. Det vart attval i begge funksjonar, og Inger Helene Thingvold Nordeide vart vald som leiar for to år og Karl Johan Kirkebø som nestleiar for to år.

Tilsetjingar

Bispedømerådet tilsette Helge Taranrød som prost i Norhordland.

Som sokneprest i Vesthordland prosti med Foldnes sokn som tenestestad vart Maria Tveten tilsett.

Som sokneprest i Sunnhordland prosti med Stord sokn som tenestestad vart Olav Johannes Oma tilsett i eit 3-årig vikariat.  

Strategi

Bjørgvin bispedømeråd vil satsa på gudsteneste, ungdom og diakoni i dei komande åra. Det vart klart då bispedømerådet vedtok strategi for 2018-2020. 

Les meir om strategien

Høyringar

Bjørgvin bispedømeråd har drøfta verksemdsgjennomgangen av Bergen kirkelige fellesråd. Arbeidsutvalet får fullmakt til å ferdigstille svar på høyringa.

Bjørgvin bispedømeråd har også drøfta høyringa av justering av hovudgudstenesta mm. Rådet bed administrasjonen lage utkast til høyringsvar på bakgrunn av innspel som kom fram i møtet. Saka vert handsama ved eit seinare møte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"