Auka valdeltaking i Bjørgvin

Kyrkjevalet i Bjørgvin samla noko fleire veljarar i år enn for fire år sidan.

Frå kyrkjevalet i Bergen. Foto: Jens Z. Meyer

Av 184 sokn, har 182 så langt rapportert frammøte. Ved bispedømerådsvalet har omlag 13,7 prosent nytta røysteretten sin, viser tal pr. 17. september. Dette er ein auke frå valet i 2011, då 11,1 prosent røysta.

15 prosent av veljarane røysta ved soknerådsvalet. I 2011 var det 13,8 prosent deltaking. 

Mange veljarar røysta ved begge vala, medan andre røysta ved berre eitt av dei. Totalt frammøte av veljarar var 15,3 prosent.

I ni sokn var frammøtet på over femti prosent. Bergsdalen sokn i Vaksdal hadde størst prosentvis frammøte, der røysta totalt 66 prosent av dei røysteføre. Ved val på bispedømeråd var det Ervik sokn i Selje kommune som hadde størst frammøte, der røysta 61 prosent av dei røysteføre ved bispedømerådsvalet.

Kven skal sitja i det nye bispedømerådet og dei nye sokneråda?

For bispedømerådsvalet sin del vert resultatet gjort offentleg den 24. september. Dei tre siste kandidatane skal veljast av dei nye sokneråda

For å finna ut kven som er vald inn i sokneråda, kan ein søkja seg fram til alle sokna i bispedømet her

Elizabeth Bovoli ved bispedømekontoret har teke mot over 50000 røystesetlar

Foto: Elizabeth Bovoli ved Bjørgvin bispedømekontor har teke imot omlag 54 000 røyster til bispedømerådsvalet. No er ein i full gang med å registrera desse røystene.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"