Årsrapport for Bjørgvin bispedøme 2015

I 2015 var det i snitt 98,6 deltakarar på gudstenester på sun- og helgedagar i Bjørgvin. Oppslutninga om dåp viser ein liten auke, det same gjer tilbodet av trusopplæring, sjølv om oppslutninga går litt ned. Meir enn ni av ti døypte 15-åringar blir konfirmerte, trenden er aukande. Dette viser nokre av tala frå årsrapporten for Bjørgvin bispedøme.

Gjenopninga av Mariakirken etter fleire års renovasjon, var ei viktig hending i 2015. Foto: Jens Z. Meyer

Nøkkeltala viser elles at samla tal på gudstenester går ned, mykje på grunn av reduksjonar i prestedekninga.  Snitt oppmøte på sundagsgudstenesten går ned frå 99,3 til 98,6.

Auka oppslutnad om kyrkjelege tenester
Fleire giftar seg i kyrkja enn i 2014, frå 967 til 1029 vigsler. Derimot er det ein reduksjon i andelen som vel kyrkjeleg gravferd, 9 av 10 nyttar seg av kyrkja sine gravferdsseremoniar. Oppslutninga om dåp aukar frå 77 til 79  prosent av borna som har foreldre som er medlemer, men berre 65 prosent av alle fødde i Bjørgvin vert døypte.

Tilbodet om trusopplæring har auka, så fleire får trusopplæring, men det er ein mindre andel av borna som er med på kvart tiltak.  Deltakinga på «Tårnagent» aukar derimot saman med konfirmasjon.

Talet på skulegudstenester er stabilt.

Det har vore ein auke i talet på kyrkjelydar med misjonsavtalar, frå 116 til 127. Det er tydelege teikn på at den prostivise diakoni- og misjonsturnéen i fjor hadde noko av æra for dette.

Trusopplæring for vaksne
Vi ser ein auke i opplæring for vaksne etter at vi i 2014 sette eit særskilt fokus på det.I 2015 er det 50 prosent auke i talet på rapporterte Bibelkurs og deltakarar i bispedømet. 

- Den generelle vurderinga av den kyrkjelege situasjonen i Bjørgvin bispedøme er at mykje godt arbeid blir lagt ned, både knytt til gudstenester, i kyrkjelydsbyggjande arbeid og i møte med folk i ulike livsepokar. Dette kan lett bli overskygga av fokus på tal som går nedover. I Bjørgvin ønskjer vi både å kunne ta på alvor at færre døyper borna sine, og å halde oppe at mange framleis søkjer til kyrkja både ved dåp og konfirmasjon. I glede og sorg er kyrkja viktig for mange, skriv bispedømerådsleiaren og biskopen i innleiinga til årsrapporten.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"