Framsyninga er ei av sju som har fått støtte i samband med at kyrkja ønskjer å aktualisera reformasjonen sine tema for born og unge.
- Nåde er eit utruleg vakkert ord, som rommar så mykje godt og viktig. Historia om Josef og brørne er like levande i dag som den var den gong ho vart skriven. Eit teater som vårt vil gjerne nå ut til så mange som muleg med det vi har på hjartet. Dette prosjektet såg ut som eit skikkeleg kinderegg; jobbe med eit fint tema, samarbeide med andre scenekunstaktørar og kyrkja og nå svært mange born og unge, seier teatersjef Terje Lyngstad i Hordaland teater.
-Kva handlar stykket om?
- Dramatikaren Maria Tryti Vennerød skal skrive manus, med utgangspunkt i forteljinga frå Det gamle testamentet. Eg kan ikkje no seie nøyaktig korleis det vil bli. Det er ikkje tvil om at vi vil kjenne att grunnforteljinga: Josef blir kasta i brønnen og seinare seld av brørne sine. Han hamnar i Egypt og blir ein av Faraos mest betrudde menn. Når det blir uår i Israel, må brørne reise til Egypt for å skaffe seg mat. Der møter dei Josef att, og det endar med at han tilgir syndene deira.
- Kva har dette med Martin Luther og reformasjonen å gjere?
- Vi er mest teater og minst teologar, men eg vil tru at Luther meinte at nåden var for alle, og ikkje berre for nokon få. Eg vel òg å tru at reformasjonen, som skjedde i ei mørk tid i Europa, seinmiddelalderen, opna opp for eit samfunn med rom for rettferd og tilgiving, snarare enn for dømming og fordømming.
- Kva betyr det for Hordaland teater å kunne samarbeide med Barnas Katedral?
Samarbeid er viktig, og kjekt. Vi møter nye menneske som gir oss nye perspektiv. Vi ser fram til å samarbeide med Barnas Katedral, ein organisasjon som har flotte ambisjonar og dyktige medarbeidarar, seier Lyngstad.
Han er ikkje ukjend med teater i kyrkja. Då han var teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, laga dei ein produksjon om Mathias og Marie Orheim, der salmane til Orheim stod sentralt. Det vart ein stor suksess.
- Kyrkjene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal var stappfulle når vi besøkte dei, nett slik dei var då Mathias Orheim reiste rundt som predikant eit halvt århundre tidlegare. Vi hadde òg eit svært godt samarbeid med Kinn sokneråd om oppføringa av Kinnaspelet, som har gått årvisst sidan 1985, seier teatersjefen.
- Trur du at Hordaland teater vil nå eit nytt publikum med denne forestillinga?
- Hordaland Teater har alltid turnert mykje for born og unge. Eg trur likevel vi kan nå nye tilskodarar fordi vi får bruke kyrkjerommet som arena. Vi vil òg nå eit nytt publikum i Bergen, fordi vi på sett og vis kan legge ut på ein kyrkjeturné i landets nest største by, seier Terje Lyngstad.
Barnas katedral i Bergen skal vera på å utvikla stykket. - Vi skal ha oppsetjingar i Barnas kateral, men stykket skal også ut på turne i fleire kyrkjer i Hordaland, seier Hilde Tetlie som er kyrkjelydspedagog i Barnas katedral.