Bli med på 7-tårnstur

Reformasjonsbyen Bergen har utvikla ein ny bytur frå tårn til tårn i Bergen.

Eit nytt kart er laga for dei som vil utforska nokre av kyrkjene og tårna som var å sjå i Bergen i 1517.

Bergen er kjent for sine 7 fjell og har i mange år hatt sin 7-fjellstur. Byen har også mange tårn. I samband med Lutherjubileet i Reformasjonsbyen Bergen, gjekk tankane til Martin Luther som er kjent for si tårnoppleving (han skal ha vore oppe i eit tårn då det gjekk opp for han at vart godteken av Gud på grunn av det Jesus gjorde for han, ikke på grunn av eige strev). 

- Kunne vi få til ei tårnvandring i Bergen, ein 7-tårnstur ? I samarbeid med Kirkekunstsamlingen ved Universitetsmuseet i Bergen, fann vi fram til 12 tårnstader. Fleire av tårna var knytta til klostervesenet sine kyrkjer, som ikkje finst lenger i dag, men vi veit kvar dei låg og dei er teikna inn på eit kart som vi har fått laga, fortel Torfinn Wang og Elizabeth Bovoli som har hatt ansvar for å utvikla 7-tårnsturen. Elizabeth har også hatt ansvar for å utforma kartet som har illustrasjonar av Elisabeth Moseng.

Kartet kan brukast når som helst, men premieren er laurdag 4. mars i tida 11 - 16. Då kan dei som vil, møta opp i Nykirken for å henta seg kart og det vankar premiar til alle, anten ein ønskjer å gå «7-tårnsturen», besøke 4 tårn  eller alle 12 tårna.

I tillegg til informasjon på kartet, har leiar for Universitetsmuseet si kyrkjekunstsamling, Justin Kroesen, utvikla ei eiga nettside med byvandring i Bergen anno 1517. Den er førebels berre med engelsk tekst.

Sjå lenke nedanfor.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"